søndag 25. september 2011

Analyse av kronikken "Drøm fra sagaland"

http://farm5.static.flickr.com/4013/4530136070_efd9744774.jpg
1.     Korleis er kommunikasjonssituasjonen?
Kronikken er skrivi av Sigve Indregard. Mottakarane er alle som er samfunnsengasjerte, men spesielt dei som er imot (muslimske) innvandrarar. Folk som er imot innvandringspolitikken eller skeptiske til muslimar.

2.     Kva er hovudsynet eller bodskapen?
Indregard setter ting på spissen for at vi skal forstå at vi er litt overnervøs for innvandrarar. Han vil at vi skal sjå kor tullete vi blir når vi les om at muslimske innvandrarar tek over landet vårt. Vi burde bli meir open til innvandringa her i Noreg.
3.     Korleis argumenterer sendaren for synet sitt?
Han argumenterer med å snakke ironisk om dei islandske innvandrarane som kjem til Norge. Han viser oss tall frå SSB som fortell oss kor mange islendingar det vil komme til Noreg i framtida. «Snikislandisering» er eit stort problem meiner indregard på ein ironisk måte. Eit eksempel på det er at norske butikkar har tatt inn eit nytt meieriprodukt kald skyr, noko som er eit islandsk produkt.

4.     Kor verknadsfull er den strategien sendaren har valt for å overtyde om synet sitt?
Ekstrem rekning med tidshorisontar er ein veldig uvant rekne metode for folk flest, og derfor veldig enkelt å villeie med. Argumenta til indregard er lite truverdige, men han får frem det han meiner på ein veldig morosam og ironisk måte. 
- Solveig Utne

1 kommentar:

  1. Fint, Solveig, du har forstått teksten på ein god møte. Her har du mange gode peong som du kan kunne bygge vidare på viss du skulle skrive ein lengre tekst.

    SvarSlett